ARRANGEMENT
Sundag 21.mars
Peter Helland Hansen fortel om småbåtbyggjing i Strandebarm. Peter vektlegg korleis han har jobba med tradisjonsbærare gjennom mange år og insamlinga av kunnskap som det har ført til. Peter har dreve småbåtverkstaden ved fartøyvernsenteret sidan byrgjinga av 90 talet, og er oppteken av kunnskapsoverføring frå dei gamle.
Sundag 9. mai
Sesongopning
I år legg me i samarbeid med forbundet Kysten vekt på roing. Startskuddet for roknappen går den dagen, og er ei ferdigheitsprøve i roing for unger. Årets utstilling er Jaktemåleri.
Fullt program kjem seinare.
Fredag 18.- 20 juni
Vi er medarrangør av Haranger båtfestival. Det blir igjen ein folkefest i samarbeid med Harddingtonar, og er storsatsinga til Hardanger fartøyvernsenter. Sjørøvertokt, kroneregatta, rokonkurranse, fagføredrag og mykkje anna kjekt vert det i år og. For fullt program sjå www.trebaat.no.
Laurdag 4. september
Mathilde deltek på torgdagen i Norheimsund. Lysbildeframsyning frå tokt med mathilde på banjernen. Smedprodukt vert utstillt på dekk og det er gratis kaffi både om bord og på fartøyvernsenteret som har siste opningshelg for sesongen.
Sundag 17. oktober
Vitensundag i samarbeid med Vitensenteret i Bergen. Det er utrolig kjekt å oppleva vitenbegjæret hjå ungane. Det vert nok show med latter og kjekke eksperiment i år og i tellegg til verkstader der ungane får prøvd seg sjølv.
Oktober
Ferga Folgefonn kjem etter planen tilbake til fjorden og fartøyvernsenteret i løpet av oktober. Då skal me ha storstilt feiring med Erik Fossaskaret som historieforteljar.
Sundag 5. desember
Juleverkstader på fartøyvernsenteret har vorte en tradisjon og ein publikumsvinnar. I fjor utvida me til 8 verkstader der ungane kunne leika seg og lage julegåver. Noken verkstader passer mest for store og andre fenger dei små. Eit mongolsk telt på tunet husa barneteater med forestillingar kvar time. Det blei ein magisk stemning inni teltet, og me håper me kan få til noko liknande i år.