Museet


Hardanger Fartøyvernsenter er eit annleis museum. "Båt" og "fartøy" er hovudtema våre. Mange fartøy har levd spennande liv som fortel om utviklinga av det moderne Noreg. Du vil ikkje berre finna gamle båtar og fartøy, men og sjå det levande handverket i utøving. Det er slik med handverk at det døyr ut viss dei ikkje vert nytta. Det har me teke konsekvensen av og skapt eit miljø kor handverkskunnskapen kan leva vidare og komme kulturminnevernet til gode.

Norsk Kulturarv har gitt Olavsrosa til HFS og Hardangerjakta Mathilde. Det tyder at du her vil få ei oppleving rotfesta i den norske kulturarven.

Det er heile tida liv og røre på senteret. Du kan oppleve både gamle båtar og fartøy, sjå gamle handverk som skipstømring, båtbygging, reipslaging. Du kan og vera med på segltur med Mathilde. Ved senteret er det tilbod om omvising heile sommaren, på norsk, engelsk, tysk og fransk. Det er dessutan tstillingar og bildespel med kulturhistoriske tema.

I den trivelege kafeen vår kan du slappe av med ein god kopp kaffi eller te. Dei gode heimelaga kakene er svært populære, for ikkje å snakke om lokale spesialitetar som Rykkjelfse og Spekeptotekake. Her kan du og kjøpa fine ferdaminne med deg heim. Den spesielt interesserte kan ta ein tur innom dokumentasjonssenteret. Her finst bøker, teikningar, foto og anna materiale knytt til dei fartøya og handverka vi arbeider med. Sjå det interaktive kartet på informasjonssidene våre - klikk her.

 

 Museet_forside

 

Hardanger farøyvernsenter
:: Framsida
:: Kontakt oss
:: Informasjon
:: Handverka
:: Museum
Aktivitetar på museet
Nettutstillingar
Museumsprosjekt
:: Arrangement
:: Skuletilbod
:: Dokumentasjon
:: Fartøya våre
:: Båtturar
:: Sal av produkt
:: Barnevern
:: Hardanger maritime leirskule
:: Mathilde til Lofoten
:: Ferjeminne

Hardanger Fartøyvernsenter
5600 Norheimsund

Tlf: 56 55 33 50
Faks: 56 55 33 51
Epost: info@fartoyvern.no