Båtturar
Vil du leige båtar, eller vera med på eit av tokta som Mathilde har langs kysten.
Mathilde SJ Mathilde har sida ho blei ferdig restaurert segla mange tokt langs kysten. Fire veker tidleg på våren og fire veker sein på hausten seglar ho museumstokt. Desse tokta kjem ofte i stand i samarbeider med andre. Blant anna har me dei siste åra samarbeida med HardingPuls og med Fylkesmusikarane i Hordaland og i Sogn og Fjordane. I tolv veker seglar ho med skuleelevar i Hardanger Maritime Leirskule. Her får ungane oppleva kystkulturen på kroppen. På sommaren seglar ho ulike bestilte tokt, og nokre åpne tokt kor ein kan tinga seg plass. Mathilde kan ta 30 passasjerer på dagstur, og har sengeplass (hengekøye) til ca 25 personar. Mannskapet består av skipper, bestmann, matros og kokk/lettmatros. Les meir om årets seglingsplan.... | 
Det er nokre hamner Mathilde trivs godt i, ikkje utan grunn.
| Vikingen MK Vikingen som er ein motorkuttar med segl, driftast av ungdomsavdelinga ved Hardanger Fartøyvernsenter. Dei nyttar den til ulike turar i regi av senteret. Men den leiges også ut til andre for kortare eller lengre turar. Vikingen kan ta 12 passasjerar. Mannskapet består av skipper og maskinmann. | Dunk dunk og regnbue. Kva meir kan ein be om? | Faun MY Faun er perla i flåten vår. Den tek 12 passasjerar og er ein dagstur cruiser med høg stil. Mannskapet består av skippar og maskinmann. |  Snødekte fjell og ein staseleg båt er ei perfekt ramme rundt ein stor personleg dag. Foto: Jan M. Lillebø | Robåtar Me har tre robåtar til utleige. Båtane er utstyrt med det som skal til for ein hyggjeleg tur på fjorden. Hardangerfærigen har to sett årer og kan ta fire vaksne. Kystledsbåten har to sett årer, men er litt større enn hardangerfæringen. Den kan ta opp til fem vaksne. Tusenårsbåten som er ein åtteæring, blei bygd til tusenårsjubileet. Ein åtteæring har fire par årar. |  Dette er båten for dei som ynskjer å kjenne at dei brukar kroppen sin. Det gjer godt å ro! |
Prisar Færing og Kystledsbåt Tusenårsbåt | Time 100,- 150,- | Dag 350,- 500,-
|
For informasjon og prisar ta kontakt på telefon 56 55 33 50 eller send e-post til info@fartoyvern.no
|