Institusjonen er godkjent for 7 plasseringar, og har driftsavtale på 4 faste plassar. Barne, ungdom og familie etaten (bufetat) gjennomførte godkjenning- og anbudsrundar med ulike private barnevernsinstitusjonar i 2005. Hardanger Fartøyvernsenter var ein av institusjonane som staten godkjente og gjorde driftsavtale med. Hardanger Fartøyvernsenter har inngått avtale med region vest. Hardanger Fartøyvernsenter er ein godkjent barneverninstitusjon etter barnevernlova. Institusjonen er godkjent for plassering av ungdom etter følgjande paragrafar: - § 4-4. 5 ledd. - § 4-24. - § 4-26. - § 4-12
Målgruppa vår er -ungdom frå 16 til 23 år. -ungdom som har problem i høve sosial åtferd, kriminalitet og rusbelastning av ulik grad. -ungdom som sjølve innser at dei har trong for hjelp og støtte til å kome vidare i livet. Generelt om institusjonen
Institusjonen arbeidar ut i frå eit valteoretisk perspektiv med vekt på maritimt miljø, arbeid, skule og fysisk aktivitet. Som ein del av Hardanger Fartøyvernsenter har ungdomsavdelinga ein unik moglegheit til å nytta ulike maritime aktivitetar utifrå gamle handverk- og fartøyverntradisjonar. Tokt med Mathilde (Hardangerjakt) og Vikingen (Kutter) er noko ungdomsavdelinga har kvart år. Ungdomar kan og få tilbod om å vera ein del av mannskapet på Mathilde. Lyst-yachten Faun som har vore eigd av Christian Michelsen sin familie er og eit fartøy som høyrer til Hardanger Fartøyvernsenter og vert nytta av ungdomsavdelinga. Det er eit høgt fagleg miljø for fartøyvern og museumsdrift på Hardanger Fartøyvernsenter. Dette har ungdomsavdelinga ved senteret stor nytte av. Organisering Hardanger Fartøyvernsenter si ungdomsavdeling har ei tredelt organisering med Butiltak, Elevopplæring (Dagtid) og Miljøterapeutar (Turnus) HFS arrangerer fleire fagseminar i året. | 
Ungdomsavdelinga framførte et spel da Faun hadde gjendåp. Her ser me skodespelarane, oppdressa og fine. 
Ungdomsavdelingen tok Vikingen til Shetland sommaren 2007. Det er stort å ha vore med på ein slik tur. 
Me driv ikkje berre med båter. På vinterturen vår fekk ungdommene tilfredstillt litt av fart og spenningsbehovet sitt.
|