Me tek på oss ulike oppdrag innan:- Båtbygging - Restaurering - Trearbeid på stålfartøy - Smed- og mekanisk arbeid - Reipslaging - Rigging - Synfaring og tilstandsvurdering - Prosjektering
Ta kontakt på telefon 56553350 eller epost info@fartoyvern.no Vern av gamle fartøy krev meir enn å halde dei flytande. Tradisjonelle dugleikar vert vekt til live. Dei som arbeider ved verftet ved Hardanger Fartøyvernsenter har samla verdifull kunnskap om treskipsbygging, båtbygging, reipslaging, smiing, og bruk av tradisjonelle metodar i segling og vedlikehald. Fartøyvernet er derfor i stadig utvikling, og Hardanger Fartøyvernsenter ønskjer å bidra til høg kulturvernfagleg kvalitet i vernefeltet. Vern og bruk av gamle fartøy er ikkje berre ei skule i å ta vare på gamle kunnskapar og dugleikar, men er og eit spørsmål om tryggleik på sjøen. Ei viktig brikke i arbeidet med vern av flytande kulturminne er medvetne handverkarar, og gode resultat krev at alle nivå i organisasjonen er retta inn mot antikvarisk arbeid. Antikvarisk arbeidVerftet er den sentrale delen av Hardanger Fartøyvernsenter. Ved verftet vert det praktiske restaureringsarbeidet utført. Dette arbeidet dekkjer eit stort spekter av oppgåver, alt frå store og krevjande restaurerings- og dokumentasjonsoppdrag til å gje råd og tips per telefon. Restaureringa skjer etter antikvariske retningslinjer, dvs. at ein prøver å skifte så lite som mogleg, og at det som vert skifta skal erstattast av material med same kvalitet og lik handverksmessig utføring som det gamle. Målsetjinga er at fartøya skal vernast som flytande kulturminne. Dessutan er det eit viktig mål å føre vidare handverkskunnskap, som elles er uaktuell i vanlege kommersielle samanhengar. Slik er det ved fartøyvernsenteret skapt eit miljø kor denne kunnskapen kan leve vidare. Verftet har 22 tilsette (2003), fordelt på skipsingeniør, trebåtbyggjarar, reipslagar, fartøyvernkonsulentar og mekanikar/smed. I tillegg kan det vera opp til seks lærlingar. |  Kasper Krogh Hansen i ferd med å hogge til rundholt på kaien på fartøyvernsenteret. 
Selskin blir til reip. For at det skal være mykt må det gjennom en omfattende prosess. Her ser vi loddet som henger under repet og stokkene som blir brukt til å lage fart, friksjon og varme. Ser ut som det er kjekt og!
|