Informasjon

Hardanger fartøyvernsenter blei i 2007 ei eining i Hardanger og Voss museum som er ein konsolidert museumsinstitusjon beståanda av Kunsthuset Kabuso, Ingebrigt Vik museum, Kvam bygdetun, Hardanger folkemuseum, Agatunet, Granvin bygdetun, Voss folkemuseum og Hardanger fartøyvernsenter.  



Frå ungdomsprosjekt til nasjonalt kompetansesenter

size=275606

Stiftinga Hardanger Fartøyvernsenter (HFS) vart etablert i 1984. HFS er ei næringsdrivande stifting som utførar eit breitt spekter av tenester innan fartøyvern, nybygging og restaurering av klinkbygde småbåtar, attføring av vanskelegstilt ungdom, lærlingetilbod, museumsverksemd, leirskule og reiseliv. HFS er eitt av tre nasjonale fartøyvernsenter utpeikt av Riksantikvaren, og godkjent av staten som offentleg barnevernsinstitusjon. HFS eig og driv hardangerjakta Mathilde, motoryachten Faun og kutter Vikingen. Senteret er lokalisert i Norheimsund, Hordaland fylke.

HFS har 42 årsverk fordelt på nesten 60 personar. Omsetjinga i 2006 var på omlag 27 mill kroner.Omlag 14 000 personar besøkte HFS og Hardangerjakta Mathilde i 2007.

 

 

Hardanger farøyvernsenter
:: Framsida
:: Kontakt oss
:: Informasjon
Ope/ tilbod til besøkjande
Ledige stillingar ved HFS
Historikk
Leige av lokale
Vegvisar/Kart
Utmerkingar til HFS
Støttespelarar
Om nettstaden
Peikarar
Webkamera
Gjestebok
:: Handverka
:: Museum
:: Arrangement
:: Skuletilbod
:: Dokumentasjon
:: Fartøya våre
:: Båtturar
:: Sal av produkt
:: Barnevern
:: Hardanger maritime leirskule
:: Mathilde til Lofoten
:: Ferjeminne

Hardanger Fartøyvernsenter
5600 Norheimsund

Tlf: 56 55 33 50
Faks: 56 55 33 51
Epost: info@fartoyvern.no