| Ferjene - ein viktig del av vestlandskulturen Gje oss ditt ferjeminne! Me oppfordrar alle - gamal som ung - til å skriva ein liten snutt, eller om du vil, ei lang historie knytt til ferjer og ferjeopplevingar. Det kan vera alt frå konkrete hendingar og opplevingar du måtte ha knytt til ei ferjereise, eller meir generelle tankar kring kva ferjene har hatt å seia for deg og ditt tilvere. Kanskje har du ei favorittferje som du vil fortelja om. Ferjeminnet ditt kan vera frå i går eller langt tilbake i tid. Det er du som avgjer kva som er verd å fortelja! Nokre av minna vil me leggja ut her på denne nettsida. Då vil me endra namn på forfattaren og dei som eventuelt vert omtala, slik at alle vert anonyme. Me gjer merksam på at bidrag kan verta redigert og forkorta før dei vert lagt ut på heimesida. Alle bidraga vert tekne vare på i originalversjon i arkivet til Hardanger og Voss museum, og vert slik ein del av kulturarven. Her kan du senda inn ditt minne til oss: Skriv ferjeminne Om du har eit eller fleire fine fotografi av ferjer og/eller ferjesituasjonar er me takksame om de sender ein kopi digitalt til Heidi.richardson@fartoyvern.no, eventuelt som fotokopi i posten til Boks 53, 5600 Norheimsund. Hardanger og Voss museum er vorten ferjeeigar!
|
||
|
|||||||||||||||||||||||||||||||
![]() |