Til Lofoten med Mathilde
Av : Oddvar Soldal, formidlingsleiar ved Hardanger fartøyvernsenter
I år er det 125 år sidan hardangerjakta Mathilde vart bygd.
For 25 år sidan vart ho berga frå undergangen av entusiastar i Hardanger som med å skipa Stiftinga Hardangjakt la grunnlaget for Hardanger fartøyvernsenter.
For 20 år sidan var Mathilde ferdig restauret og kom i drift som seglande jakt.
Dette mangfaldige jubileet vert markert med museumstokt til Lofoten, i same ruta som hundrevis av jakter segla kvart år i eit lite hundreår frå kring 1850.
Sjå også boka laga i anledning jubileet: Mathilde jubileumsbok
Ynskjer du å vita meir om leirskuletokta med Mathilde sjå her.
veit du om nokon som kunne tenkt seg å segla Mathilde som lettmatros sjå her.
Hardangerjakta Mathilde
Bygd i 1884 av Ola H. Nerhus i Ølve.
Kjøpt av Stiftinga Hardangerjakt av 1984 som restaureringsobjekt og tiltak for arbeidslaus ungdom i 1984.
Ferdig restaurert og gjendøypt til Mathilde i 1989.
Total lengd: 73 fot
Breidde: 21,2 fot
Mastehøgd: 25,5 meter
Tonnasje: 77,46 BRT, 58.06 NRT
Rigg: Jakterigg, total seglflate på 400 kvadratmeter . Toppfart under segling er kring 11 knop
Motor: Detroit Diesel V 71 - 240 HP , V 8 – to takt. Fart for maskin: 7-8 knop.
Passasjerkapasitet: Dagsturar inntil 50 personar, overnatting inntil 30 personar.
Mannskap: Skipper, bestmann, navigatør, kokk og matros
Mat: Kokken lagar tradisjonell skipskost. Tre måltid pr. dag på overnattingsturar.

Toktet frå Hardanger til Lofoten kan også fylgjast her

Mathilde i frisk seglas mot Danmark sommaren 1990. Med alle segl oppe har Mathilde 400 kvadratmeter seglareal. (Foto: Audun Apelseth)