Hardanger maritime leirskule

Å segle ei veke med ei flott historisk skute er eit leirskuleopphald av dei sjeldne. Det er eit minne for livet for heile klassen.

På måndagar kastar me loss, og legg ut på ei oppdagingsferd. Kvar kveld legg me til i ei ny hamn som kan vera med og fortelja ei spanande del av kystsoga vår.

Skuta, livet om bord og handteringa av segl og skipet, er sjølvsagt bærebjelken i opplegget. Samstundes nyttar me naturen og miljøet rundt oss til auka kunnskap. Me sett garn og ser på livet i fjæra. Besøk på museer som Baroniet i Rosendal er ein viktig del av opplegget. Når me kjem til ei hamn så ser me om det ser kjekt og koseleg ut. Det er når me går i land og tek i bruk hamna, snakkar med folk, besøk det lokale museet, at me lærer litt om lokalsamfunna og om kor me er komne. Veka vert ei reise i tid, i stader og i felleskapet.



Dei fleste leirskuleturane med Mathilde tek fem dager, men me har og kortare turar.

Mannskapet: Sidan Mathilde er ein seglande leirskule der tryggleiken står i høgsete er me godt bemanna i forhold til andre leirskular. Hos oss er det fem i mannskapet som sørgjer for at du på ein trygg og sikker måte lærer om livet på ei Hardangerjakt. Det er skippar, bestmann, kokk, leirskulelærar og jungmann.

Vekesprogrammet: Ver og vind styrer mykje av korleis me legg opp veka. Derfor er ingen veke lik den andre om bord, sjølv om rutinane er dei same, og me har aktivitetar som me legg vekt på.


Tryggleik: Basis for alt om bord i Mathilde er sikkerheit. Den grunnleggjande haldninga er bærebjelka for tryggleiken om bord. Me lærer at sånt som skriking og vifting med armer ikkje skal brukast i utrengsmål. Det er viktig å lære regler slik at ein ungår å utsettja seg og andre for fare, og korleis me tek ansvar ikkje berre for oss sjølv, men også for kvarandre. Ingen klarer seg åleine til sjøs, felleskapet er viktig. Når me sørgjer for at  sikkerheiten ligg god i botnen, kan me leike og ha det kjekt med alt det andre!


Sjømannskap: Når skuta er i fart går elevane sjøvakter under kyndig leiing av mannskapet. Dei står utkikk, styrer og går sikkerhetsvakter. Dei lærar seg å bruke/lese vaktlister, og bli fortrulig med fordeling av arbeidsoppgaver. Det er stort å kjenne at no, no er eg med på å styre skuta.


Tauarbeid: Knop og spleis. Det er viktig å lære seg knop og stikk som gjer at ein kan handtera tau og fortøye ein båt på ein trygg måte. Kvar dag er ein ny knop landgangsprøve. Det er motiverande for læringa. Dei som ynskjer det får halde på med handarbeid i tau på fritida.


Segling og manøvrering: Den tradisjonelle norske råseilsriggen i kombinasjon med gaffelriggen utgjer seglgarderoben til Mathilde. Me lærar om og får prøve dei ulike segla. Aerodynamikken blir spanande. Elevane får prøve ut teorien dei har lært på morgonen i praksis når me går ut og seglar. Det vert setjing av segl, å snu skuta mot og medvinds og oppleve samspelet mellom dei einskilde segla. Me står på dekk og kjenn kreftene ta tak. Det er herlig.


Navigasjon: Me starter med å lese kart, tolke navigasjonshjelpemidlane som lykter og stakar. Nokre klasser er vant med å lese kart. Då kjem me litt lengre i undervisninga. Det blir å leggje opp ein kurs for ein seilas der ein tek hensyn til navigasjonhjelpemidla me finn i leia.


Maritime livet: Me går tur i fjæra og ser på ulike strandsonar. Fangsten vår vert studert og artsbestemt. Det er kjekt når me får fram oppdagergleda hos elevane igjen, som det å løfte på ein stein og sjå mylderet av liv. Me må ikkje slutta med å undre oss.


Fiske: Me lærer litt om dei ulike fangstmetodane. Med robåten vår set me garn som me trekker neste morgon. Me bruker litt tid på å vurdere fangsten. Korleis sto garnet når me fekk det me fekk (eller ikkje fekk). Me studerer fisken, og lærer om å håndtere den slik at det vert god matfisk for kokken vår.


Historie: Ein elev sto med såre og raude nevar ein regnværsdag etter å ha vore med og heist storseglet og sa: "Segla dei verkelig dette heile året i snø og? Det er eg glad for at eg slepp." Då tenkte skipparen at no har du skjønt noko du ikkje kunne ha lest deg til i ei bok. Elevane som går i land etter ei veke på Mathilde tek med seg litt respekt for karane som segla kysten vår og la grunnlaget for liv langs med kysten. Det er god ballast for vegen vidare å skjøne at det finns andre verdenar me ikkje heilt fattar utan å ha kjent litt på dei.


Då håper me at me kan ynskje dykk velkommen ombord til ei kjekk, annleis og lærerik leirskuleveke.

Lurer du på noko så ikkje nøl med å ta kontakt. Me har eit orienteringshefte me sender ut til klasser som vurderer å vere med oss.
 

 

 

leirskule paa bommen

 

 

 

 

 


Den store trygge bommen til Mathilde har plass til mange, og me treng mange for å pakke 200m2 segl. Kjekt er det og å jobba i lag.
 leirskule i riggen

 

 

 

 

 

 

 



Det er ikkje kvar dag det er seglevind, men det er nok å gjere på. Her ser me kor vakker skuta er.

leirskule dra

 

 

 

 

 

 

 

 


Heise segl krev innsats, samstundes er det kjekt.

leirskule knop

 

 

 

 

 


Nokre vil læra meir, mens andre forsvinn inn i andre verdener når undervisningsøkta er ferdig. Sånn vil det alltid vera.

Alle foto: Hardanger Fartøyvernsenter

 

Hardanger farøyvernsenter
:: Framsida
:: Kontakt oss
:: Informasjon
:: Handverka
:: Museum
:: Arrangement
:: Skuletilbod
:: Dokumentasjon
:: Fartøya våre
:: Båtturar
:: Sal av produkt
:: Barnevern
:: Hardanger maritime leirskule
Kart og Info
Ledige veker
Bilete
:: Mathilde til Lofoten
:: Ferjeminne

Hardanger Fartøyvernsenter
5600 Norheimsund

Tlf: 56 55 33 50
Faks: 56 55 33 51
Epost: info@fartoyvern.no