M/F Folgefonn tilbake i Norge!

Den 72 år gamle bilferja Folgefonn som har vorte henta heim frå London, vert lossa hos Eide Marine Services i Høylandsbygd på Halsnøy fredag 4. juni. Ferja vart frakta frå England med "Eide Trader".

Etter eit opphald på Høylandsbygd er planen at fergja skal til Dåfjorden slipp på Stord for skroginspesjon.



 

Etter vel 30 år på Themsen i England er den 72 år gamle ferja Folgefonn på veg ”heim” til Hardanger der ho skal takast vare på som museumsfartøy ved Hardanger fartøyvernsenter i Norheimsund. Folgefonn var den fyrste spesialbygde bilferja til Hardanger Sunnhordlandske Damskipsselskap og gjekk inn i rute frå Ålvik til Kinsarvik 2. juni 1938.

Ferja er no overteke av Hardanger og Voss museum. 15. mai vart ho lasta om bord på ”Eide Trader” ved munninga av Themsen. Som dekkslast gjekk ferja via Finland til Noreg.

- Truleg kjem Folgefonn til Hardanger i løpet av sommaren. Dersom me finn finansiering er det planen å få ho på slipp hjå Dåfjorden Slipp ved Steinar Andersen i Fitjar. Etter 28 år utan slipping treng botnen inspeksjon og overhaling før ferja kan slepast til Norheimsund og gjerast klar for publikum. Målet er å stilla ut og opna ferja for publikum ved kai på Hardanger fartøyvernsenter i løpet av hausten.

Du kan lese meir om Folgefonn her.

Ferjehistoria kan du lese om her.

 

Link til BT artikkler: 

Folgefonn er tatt om bord i "Eide trader" sjå her.

Folgefonn med HSD maling i skorsteinen og HSD flagget heist, finn du her.

  prospektkort2

 

 

 

 

 

 "Folgefonn" på veg ut frå Kinsarvik, truleg i 1945,
før ho fekk sideportar. Ferja gjekk fast i sambandet
Kinsarvik – Utne – Kvanndal fram til 1953.
Postkortet er stempla 1948.
(Foto: Normann, Viggo Nonås si samling) 
 i mudderet

 

 

 

 

 

 M/F Folgefonn går som dekkslast med
Eide Marine Services. Før ferja vart slept ut frå
Erith ved Themsen vart både det gamle
HSD-flagget og postflagget heist.
(Foto: Hardanger fartøyvernsenter)

salong

 

 

 

 

 

 


 Å koma inn i salongen forut i ferja "Folgefonn,
er ei reise attende til bilferjene sin barndom.
(Foto: Hardanger fartøyvernsenter)  

goddbye Folgefonn

 

 

 

 

 

 


Goodbye Folgefonn”. 15. mai om morgonen vert M/F Folgefonn slept under The Queen Elizabeth II Bridge ved Dartford på veg til Northfleeting der lastebåten Eide Trading hentar ho. (Foto: Val Torreggiani)

som dekkslast

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 
15. mai vart ho lasta om bord på "Eide Trader"
ved munninga av Themsen. Som dekkslast går ferja
via Finland til Noreg.

skorstein

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Folgefonn har fått att sin fine HSD skorstein. Dette må få mangt eit HSD hjerte til å banka litt fortare. Skorsteinen er måla og bildet er tatt av Katharina Frassine .

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Hardanger farøyvernsenter
:: Framsida
:: Kontakt oss
:: Informasjon
:: Handverka
:: Museum
:: Arrangement
:: Skuletilbod
:: Dokumentasjon
:: Fartøya våre
:: Båtturar
:: Sal av produkt
:: Barnevern
:: Hardanger maritime leirskule
:: Mathilde til Lofoten
:: Ferjeminne

Hardanger Fartøyvernsenter
5600 Norheimsund

Tlf: 56 55 33 50
Faks: 56 55 33 51
Epost: info@fartoyvern.no