Skutemåleri frå Hardanger -Utstilling


I sommar har me utstilt skutemaleri frå Hardanger, sjå vedlegg. Me har fått låna 18 skutemaleri, også kalla fartøyportrett, som til vanleg heng i stovene hos folk i Hardanger. Bileta er laga i perioden 1860 – 1914 av seks ulike malarar. Utstillinga fortel mykje om fartøybygging og skipsfart i den tida Hardanger låg langt framme i den næringa, mellom anna i nordlandsfarten.

Utstillinga vert ståande fram til 5. september og er ope kvar dag kl 10 – 17. 

Velkomen til ei utstilling av skatter fra mange heimer.

Bilete nederst er:

Skonnert Anna af Kjøta, i dag Anna Rogde. (1879) er malt Fredrik Martin Sørvig, ein kjend skutemalar som også var teatermalar ved teateret i Bergen. Maleriet er eigd av Hans A. Rogde og har "alltid" henge i bestestova på garden nær 300 meter over Sørfjorden. Isak L. Rogde (1838- ), som eigde og var skipper på Anna, var frå det bruket. Skonnerten var bygd som Anna af Bergen i 1867/68 ved Bangsund skipsverft i Namsos. Isak L. Rogde kjøpte Anna i 1872 og dreiv ho med Nå i Ullensvang som heimehamn. Den kjende skipperen gifta seg på Kjøtta ved Harstad og gav skuta namnet Anna af Kjøta. Ho gjekk i fraktefart frå Arkangelsk i nordaust til Portugal i sørvest. No heiter ho Anna Rogde, har heimehamn i Harstad og den eldste seglande skonnerten i verda.

Les meir om utstillinga her. 

 skutemaleri

 

 

 

 

 

 

 



Ein liten del av utstillinga. Me ser jakter, ei hønerævskøyte og ein skonnert.  

maleri kafeen

 

 

 

 

 Kafeen med litt av utstillinga. Den nye museumsbutikken i bakgrunnen.

Anna Rogde

 

 

 

 

 

 

Måleriet av Anna Rogde omtalast i teksten til venstre.

 

 

 

 

 

Hardanger farøyvernsenter
:: Framsida
:: Kontakt oss
:: Informasjon
:: Handverka
:: Museum
:: Arrangement
:: Skuletilbod
:: Dokumentasjon
:: Fartøya våre
:: Båtturar
:: Sal av produkt
:: Barnevern
:: Hardanger maritime leirskule
:: Mathilde til Lofoten
:: Ferjeminne

Hardanger Fartøyvernsenter
5600 Norheimsund

Tlf: 56 55 33 50
Faks: 56 55 33 51
Epost: info@fartoyvern.no