| Arbeidet med innreiing og trearbeid på D/S Stord 1 har gått over fleire år. Det heile starta på med dokumentasjonsrapporten som Tom Rasmussen, den gang fartøyvernkonsulent ved Hardanger Fartøyvernsenter (HFS), skreiv for Veteranskipslaget Fjordabåten i 1994. Rapporten er viktig for all istandsetting som har skjedd seinare. Vinteren 04/05 arbeidde HFS med dekkslegging på brudekket, og oppbygging av styrehuset. Våren 2006 innreidde vi skipparlugaren, og førebudde innreiing av salonghuset akter. Då skjedde arbeidet i Bergen. Seinare har skipet kvar vinter hatt eit opphald i Norheimsund. Vinteren 06/07 fekk salonghuset akter innreiing, med damesalong og røykesalong. Vinteren 07/08 vart 1. plass salong innreidd, og vinteren/våren 2009 vart innreiing midtskips på babord side gjort nesten ferdig. Vinteren 09/10 har HFS gjort ferdig midtskipsinnreiing på babord side, og innreidd midtskips styrbord side. Midtskipsinnreiinga på shelterdekket vart opphavleg bygd i samband med forlenging av D/S Stord i 1931. Her er det postkontor, postassistentlugar, billettkontor, sjukelugar, to firemanns passasjerlugarer og ein tomanns. Området vart totalskadd då skipet brann i 1987, så alt av treverk er fornya. Til alt hell var nokre deler tekne på land for oppussing før brannen. Mellom anna skrivebordet frå billettkontoret, som har lagt grunnlaget for korleis andre møbler i området skulle byggast. Servanter og klaffebord til desse var òg tekne på land i 1987, og er no sett tilbake på plass. Denne vinteren har det dessutan vore utført noko arbeid på hoveddekk. Skutesidene er kledd opp med panel, og lysventilane er kassa inn. På kvar side er det tre toalett, og her har vi laga nye dører. I samband med dette er noko av stålet retta opp. På dekk er det støpt, i området over kjelen. Vidare har toaletta på hoveddekk og lugarane på shelterdekk fått vatn og avløp. Skipets elektrikar har lagt opp det elektrisk anlegget i området, og det er sett opp lysarmaturar på begge dekka. Stiftelsen D/S Stord 1 planlegger å gå vidare med innreiing på hoveddekk (m.a. 2. plass salong) og legge tredekk forut. Målet er å få dette ferdig til skipets 100-årsjubileum i 2013. Vil du lese meir sjå siste månadsrapport her. |  Her ser me Stord på veg ut frå Norheimsund, etter siste opphald på fartøyvernsenteret. 
Ein av lugarane framme på shelterdekket, etter restaurering vinter 09/10.

Her smiler dei godt alle karane. Det er ikkje rart. Det er stor stas å få vera i maskinen og fylgja med på dampmaskinen.

Før avreise vart det ein liten velfortent matbit for alle som hadde jobba saman. Bas for jobben på fartøyvernsenteret Arne Jostein Jenssen har ikkje tatt seg tid til å ta av øyreklokkane.
|