Lag ditt eige rundholt! No kan du lære korleis du lagar dine eigne master og bommar! Tidspunkt 14. til 18. juni, frå kl 7 30 til 15 00 kvar dag, på Hardanger fartøyvernsenter. Instruktørar Kasper Krogh Hansen, båtbyggjar og spesialist på rundholt ved Hardanger fartøyvernsenter. Morten Hesthammer, verftsformann ved Hardanger fartøyvernsenter. Innhald - Deltakarane skal lære å laga sine eigne rundholt.
- Fokus vil vera frå bearbeiding av emne til ferdig rundholt.
Fylgjande tema vil me sjå nærare på undervegs: - Dimensjonering og fasong av rundholt.
- Beslag og utforming av desse.
- Litt om ståande og løpande rigg, og krava det gir til utforminga av rundholtet.
- Verktøy me treng til å gjera ein god jobb.
Emne til rundholt kan ein ha med seg, eller kjøpa på Hardanger fartøyvernsenter. Kursavgift kr 3 500,-, dekkar både instruktør i fem dagar og lunsj kvar dag, frå måndag 14. juni til fredag 18. juni. Overnatting og kost utanom lunsj må deltakarane syta for sjølv. Me kan hjelpa til med tips om overnatting. Kurset er ope for maks 10 deltagarar. Bindande påmelding innan 31. mai. Spørsmål og påmelding rettast til Bjørn Lingener: bjorn.lingener@fartoyvern.no tlf 56 55 33 59
eller: info@fartoyvern.no tlf 56 55 33 50 | 
Kasper Krogh Hansen høgg rundholt på kaia på Hardanger fartøyvernsenter.

Kasper Krogh Hansen høgg fortsatt rundholt. Denne gongen på plassen til fartøyvernsenteret.

Godset med bjørnekjakane og eselhodet. Masta er klar til å verta reist.
|