Sesongopning 9.mai



Kl 13 Carl Henrik Lampe held føredrag om skutemåleri og opner utstilling om jaktemåleri.
Carl Henrik Lampe er tilsett ved Norsk Sjøfartsmuseum i Oslo, og har skreve masteroppgåve i kunsthistorie om skutemåleri frå det 19. århundre.

Jaktemåleri var vanlege og gjerne plassert godt synleg i stovene hos dei som eigde jaktene. Som regel var jaktene eigd av partlag og kvar parteigar var stolt over skuta og ville gjerne ha ho på veggen.

Måleria hadde som hovudføremål å formidla karkaterisktiske kjenneteikn ved namngjevne fartøy. Hovudmotivet er oftast sett frå sida med full seglføring. Eit jaktemåleri kan også gje svar på mange historiske spørsmål om korleis eit skip såg ut på den tida det vart målt.

Til utstillinga vil fartøyvernsenteret låna måleri som framleis finst i heimar i Hardanger. Det er også spennande å få vita litt om soga til jakta som er målt, og tildei som eigde jakta eller bildet.

Ta kontakt med formidlingsleiar Oddvar Soldal ved Hardanger fartøyvernsenter om du har tips om jaktemåleri. Telefon 56553372, 90628548 eller epost osoldal@online.no

Roleik for ungane med dugleiksprøven Roknappen.
I samarbeid med forbundet Kysten sin satsing på roing går startskuddet for "Ta din åre fatt" som har samme lest som skimerket. Denne "oppsamling av utrodde nautiske mil" går føre seg gjennom heile sesongen.
9. mai er det gjennomføring av dugleiksoppgåver som gijev "Roknappen" etter same lest som svømmeknappen.
Alle vert utfordra til å prøve.

Velkomen til ein familiedag på fartøyvernsenteret.

Robåtane er klare for sesongen.
Grillplassen på Sandvenholmen er eit godt mål for ein liten rotur på fjorden.
Det er full aktivitet i verkstadene utover i sasongen. Du kan fylgja arbeidet på dei einskilde fartøya. Stangjjord ligg i Vikinghallen og er no ferdig spanta opp. Arnafjord står på slippen og er også ferdig spanta opp. Dampskipet Stord 1 ligg ved kai og få ny innreiing montert.
aktivitetsløypa er nyfjelga!

Du må ikkje betale for å vitja kaféen, det er berre om du skal nytta museumstilboda vore! I kaféen serverer me heimelaga kaker og hardangermeny freistar me sjølvsagt med.

Grupper kan få spesiallaga aktivitetsprogram.

F.o.m. 3. mai kan du dagleg vitja det BBC kalla
"The most wonderfull boatyard"

Prisar for sesongen:
Einskildbillett kr 80/40, sesongkort kr 100.-
Familiebillett kr 150, sesongkort kr 250.-

Du får mykkje or pengane.

Hardanger farøyvernsenter
:: Framsida
:: Kontakt oss
:: Informasjon
:: Handverka
:: Museum
:: Arrangement
:: Skuletilbod
:: Dokumentasjon
:: Fartøya våre
:: Båtturar
:: Sal av produkt
:: Barnevern
:: Hardanger maritime leirskule
:: Mathilde til Lofoten
:: Ferjeminne

Hardanger Fartøyvernsenter
5600 Norheimsund

Tlf: 56 55 33 50
Faks: 56 55 33 51
Epost: info@fartoyvern.no