• Smi ein jarnkrok. Det er to i smia som hjelper til med smiinga. Av erfaring veit me at mange ventar lengje for å få slippe til med smiinga.
• Leikebåtverkstadar, for store og små. I år har me delt småbåtbygginga opp i to verkstader, ein med utfordringar til dei små og ein som har oppgåve til dei større båtbyggarane.
• Papirfigurar, origami. Her går det i å brette, klippe og lime papirfigurar.
• Maritime pepperkaker. Me har eigne former sånn at dei peperkakene som vert bakt på fartøyvernsenteret blir litt maritime.
• Makramearmband. Denne verkstaden var ny i fjor. Det var mange som kom heim med flotte armband.
• Bivokslys. Årets nye verkstad. Lag ditt eige bivokslys. Det luktar såå godt når det brenn.
• Bygg ein jaktemodell. Denne verkstaden er del av eit undervisningsopplegg der ein skal lære korleis ei jakt som Mathilde er konstruert og bygd. Dette er ein avansert form for legobygging, med kjekke utfordringar.
Song og musikk-verkstad i det mongolske teltet som er reist på plassen. Anette B. Leiren er kjend for å ha godt grep om ungane og få dei engasjert i den musiske verden.
Salsutstiling
Arne Mælen kjem med arbeida sine frå Mæhlen, og du finn han i Solheimsverkstaden. Der vil han forklara korleis arbeida vert til. Det er høve for å sikra seg gode julegåver.
Inngang kostar kr 100.-. Det inkluderar alle 8 verkstadar med materialer.
Middagservering i kafeen.
Velkomne til ein kjekk dag på fartøyvernsenteret.