| Museumstokt Mathilde I veke 42 og 43 er elevar frå skulane i Kvinnherad og Tysnes på museumstokt med hardangerjakta Mathilde. Journalistar er velkomne til å vera med. Uansett ver, kan me lova ei spennande oppleving med mange gode fotomotiv. For å avtala ta kontakt med mannskapet på Mathilde, telf 99097978, skipper Audun Apelseth 97199730 eller formidlingsleiar Oddvar Soldal telf 90628548.. Bakgrunnsstoff om Mathilde finst i eit hefte som me har laga i høve av at Mathilde er 125 år og fartøyvernsenteret er 25 år, sjå her. Museumstokt med hardangerjakta Mathilde Mathilde er 125 år i år og då synest me det er kjekt å tilby eit tokt til skulane i det området der jakta vart bygt og segla sine fyrste turar. Me veit ikkje akkurat datoen, men Mathilde vart sjøsett i Nerhusfjøra i Ølve i Kvinnherad hausten 1884. Truleg vart ho rigga på verven hos Gravdal i Opsangervågen. Informasjon om dagen ombord på Mathilde.Ombord på S/J Mathilde vil elevane møta mannskapet på hardangerjakta. På dekk vil dei få ei grundig gjennomgang av tryggleiken på sjøen. Deretter får dei fortalt skuta si soge. Dei får så instruksjon i sjømannskap og korleis arbeidet om bord er fordelt. Me har med oss biletspelet Nordlandsfarten som vert vist i rommet. Det utfyller forteljingane til mannskapet og set transporten langs kysten og i fjordane for kring 100 år sidan inn i historisk perspektiv. I høveleg ver vert det sett av tid til segling. Elevane må ha med niste, dei får servert varm kakao. Hugs på å ta med kopp. Det er viktig at elevane kler seg godt og er kledd for å vera ute uansett ver. Oppmøte: Hatlestrand skule på kaien i Gjermundshamn tysdag 13. okt kl 9.00 09.00 Oppmøte 09.00 -10.00 Opplæring i tryggleik, avreise 10.00 - 11.00 Sjømannskap, førebuing for segling 11.00 – 11.30 Biletspelet om Nordlandsfarten 11.30 – 12.00 Matpause, mannskapet serverar kakao 12.00 – 13.00 Segling 13.00 – 13.30 Mathilde legg til kai, avslutning Hugseliste kva elever og lærarar må ha med: Varme og vindtette kle Venleg helsing Formidlingsleiar -avdeling ved Hardanger og Voss museum Pb.53, 5601 Norheimsund +47 56 55 33 72 +47 90 62 85 48 oddvar.soldal@fartoyvern.no www.fartoyvern.no |
|
||||||||||||||||||||||||||||||
![]() |