Utstillingar på Hardanger fartøyvernsenter

Du finn informasjon om dei einskilde utstillingane i menyen til venstre - eller du kan klikka på linkane i teksten lenger nede.

Kysten  (I Kulturnaustet)
Knud Knudsen fotograferte det norske kystlandskapet i ei tid då seglskip og trebåtar enno rådde. I utstillinga følgjer me kysten frå Kristiania (Oslo) til Troms.

 

Eldre utstillingar:

Reipslagarhandverket
På reiperbana finn du ei utstilling om handverket si utvikling. Her får du innblikk i produksjonsteknikkar og materialer som har vore nytta i produksjonen.

"Don't row. Throw the oars away!"
Stor utstilling om påhengsmotoren si historie. Den kjem frå Gunnar Michelsen sine Maritime samlingar ved Norges fiskerimuseum. «Ikkje ro! Kast årene!» var slagordet då påhengsmotorpioneren Evinrude skulle overtyda robåtfolket om at utenbordsmotor var løysinga.
I Bergen har Gunnar Mikkelsen samla ulike utgåver av påhengsmotorar. Den store samlinga er no overteke av Museum Vest, Norges Fiskerimuseum. Utstillinga viser den historiske utviklinga frå dei fyrste påhengsmotorane fram mot vår tid. Utstillinga viser nær 40 ulike påhengsmotorar og vert ståande på reiparbanen.

Hardangerbåtane
På reiperbana kan du sjå ei unik samling av båtar frå Hardanger.

"Ho skal berre over fjorden..." (I kaféen)
Her har Ragnar Hovland sine ferjetekstar fått fylgje av foto frå private album og samlingar.
I kaféen rullar også filmsnuttar frå 60- og 70-talets endelause ferjekøar i Kinsarvik. Utlånt frå Hardanger folkemuseum.