Norsk English

Prisar og praktisk informasjon

OPE
Mai-august: alle dagar 10-17

September-april: tysdag-fredag 10-14

Ope for grupper heile året. 
Ta kontakt for informasjon og tilbod.
Tlf: 47 47 98 39 eller epost: fartoyvern@hvm.museum.no

OPNINGSTIDER OG OMVISINGAR Hardanger fartøyvernsenter har ope for grupper heile året. Omvising bestiller du på tlf. 474 79 839. Kafé med smårettar og heimelaga kaker. Museumsbutikk med maritime saker og ting.

OPNE VERKSTADAR Handverkarane er i arbeid i verkstadane (reiparbane, båtbygging, restaurering og smie), måndag - fredag til kl 15.00. Her kan du sjå handverkarar utføra krevande restaureringsarbeid.

PRISAR
Vaksne kr 90,-
Born 7-15 år og studentar kr 50,-
Familiar kr 190,-
Sesongbillett kr 150,-/ 90,-
Sesongbillett familie kr 320,-
Fellesbillett HVM kr 190,- (57% rabatt!) gjev mange opplevelser og gjeld for alle avdelingane til Hardanger og Voss museum og heile året.

Gruppepris pr pax kr 80,- 

UTSTILLINGAR I 2017

  • "Kysten" fotografi av Knud Knudsen
  • "Album" film om Knud Knudsen si biletverd 
  • «Ikkje ro! Kast årene!»  viser utviklinga til påhengsmotorane
  • "Ho skal berre over fjorden..." ei utstilling om vestlendingen sitt forhold til ferjer.

Les meir om utstillingane under UTSTILLINGAR i menyen til venstre.

FILMAR

  • "Då sjøen var vegen" fortel om kor viktig sjøen har vore som kommunikasjonsåre fram til våre dagar.
  • "Kvinna ved havet" om kvinneliv ved kysten midt på 1900-talet.
  • I "Nordlandsfarten" blir me med ein tur til Nord-Noreg på torske-oppkjøp i 1920-åra.
  • "Fjordens liv" fortel om den fantastiske verda som finst under vassoverflata.

AKTIVITETAR FOR SMÅ OG STORE

TURAR PÅ FJORDEN Mathilde kan leigast for kortare og lengre dagsturar. Gavelbåten med ein Sabb 10 kh innanbordsmotor kan leigast for dagsturar i nærområdet.
ROBÅTAR Me leiger ut fire tradisjonelle robåtar som er bygde ved senteret. Du får med kart, informasjon og tips til turar, og du kan også leiga fiskeutstyr.   Les meir under Hardanger kystlei. 

UTLEIGE AV KAFE OG FILMSAL Kafe og filmsal er til leige for kurs, møte og private tilskipingar. Me kan ordna med servering, omvising, framsyningar og aktivitetar knytt til handverk og maritim kultur. Om sommaren er lokala til leige berre på kveldstid. 

TOKT MED MATHILDE Om sommaren seglar hardangerjakta Mathilde tokt langs kysten. Kvart tokt er på fem dagar og bør bestillast i god tid. Vår og haust er det leirskule om bord på Mathilde. Før og etter leirskulesesongen går Mathilde på museumstokt med ulike tema i samarbeid med Hordaland fylkeskommune.

Nasjonalt kompetansesenter innan maritime fag Hardanger Fartøyvernsenter er eit nasjonalt kompetansesenter for fartøyvern og mellom dei største fagmiljøa for restaurering av båtar og fartøy i Norden. Me fokuserer på handverk og handverkskunnskap i det museale arbeidet vårt. Senteret eig og driv fleire større fartøy. Norheimsund sentrum og fartøyvernsenteret er knytt saman gjennom strandpromenaden.

Utmerkingar Norsk Kulturarv har gitt Olavsrosa til både Fartøyvernsenteret og Mathilde. Det tyder at me her kan tilby ei oppleving rotfesta i den norske kulturarven.