Norsk English

Rekonstruksjon av tau til "Barcode 6"

I samband med at Norsk maritimt museum rekonstruerer det arkeologiske funnet Barcode 6, er reipslagar Ingunn Undrum engasjert i arbeidet med å finna ut korleis tauet i riggen er laga og bygt opp.

Båten, som er graven fram i Bjørvika i Oslo, er datert til 1595 og er dermed plassert i den nordiske renessansen. Dette er ein periode i den nordiske maritime historia som det er lite forska på, og prosjektet vert av den grunn ekstra interessant.
Det viktigaste kjeldematerialet som skal tolkast, er dei fragmenta av riggen som vart funne saman med båtane. Det er teke vare på 70 taufragment frå funnet som skal analyserast og dokumenterast. 
Andre samtidige funn vil også vera viktige i tolkingsarbeidet. Det er interessant å kartlegga materialbruk, reipslagingsteknikkar og tekniske løysingar i riggen til  båten.

For meir informasjon om prosjektet ta kontakt med reipslagar Ingunn Undrum eller besøk bloggen Norsk maritimt museum har laga til rekonstruksjonsprosjektet: http://baatlaben.blogspot.com/

Flere bilder

  • Døme på over 400 år gamle taufragment som vert leita fram i leirslammet i Bjørvika i Oslo. Foto Norsk maritimt museum.