Hardanger fartøyvernsenter sin skipssmed har fagbrev og fleire
års erfaring i smiing til veteranskipsflåten og bygningsvernet
i Noreg. Han smir alt du treng av verktøy og beslag, heilt ned til
boltar, spikar og saum.
Alt du treng i smijern til skuta, huset, hytta eller hagen din får
du hos Seppe.
Seppe Lehembre tar alle slags smioppdrag. Me har
hatt fokus på maritime jobbar, men Seppe har erfaring frå å
jobba som kunstsmed så her er det berre å komme med
ynskje.
Hausten 2007 gjennomførde me eit prosjekt for å undersøke
essesveis og forskjellige ståltypar. Sjå rapport i PDF-format
lenger ned.
Maritime oppdrag
Riggbeslag som krøppelspelet til jakta" Brødrene" og
eselhodebeslaget du ser i bilderekkja er jobbar Seppe har gjort for
veteranskipsflåten i Noreg.
Rekkverk
Einskilde hus ser nakne ut utan smijernsrekkverket sitt. Seppe har
m.a. levert rekkverk til den nye strandvegen som bind saman
Hardanger fartøyvernsenter og Norheimsund.
Verktøy
Drivjarna til Seppe sel me mykje av, både dei mest vanlege og dei
spesiallaga. Han smir også ulike tenger, øksar og
hammar.
Krokar
Det gjer seg med ein fin, smidd krok på ein fin trevegg. Det spelar
inga rolle om det er innomhus eller på naustvegen.
Hengsler
Hengsler til dører, kister eller luker er og ettertrakta
produkt.
Ved verftet er det bygd opp ei velutstyrt smie, men den
manglar litt spesialverktøy. Veit du om nokon som har verktøy som
skrik etter å bli varmt igjen, så ta kontakt med oss!
Lurer du på om det er noko i smijarn som Seppe kan laga?
Svaret er nok; Ja! Ta kontakt så kan Seppe sjå på det. Ring han på
98 46 26 07