Småbåtverkstaden til Hardanger fartøyvernsenter

Hardanger fartøyvernsenter held i hevd og vidarefører den handlingsborne kunnskapen som er knytt til materialval, arbeidsmåtar og bruk av verktøy i bygging av småbåtar frå Hardanger. Den beste måten handverkskunnskapen kan vidareførast på er å byggja båtar som vert brukte til roing og segling.

Ein viktig del av arbeidet vårt er dokumentasjon og formidling av båtbyggjarhandverket og dei historiske linjene i båtbygginga. Den tradisjonelle hardangerbåten er ein del av den vestnorske arven med lettbygde opne klinkbygde båtar for årer og segl. I tillegg til bygging av nye båtar, reparerer me gamle og lagar årar og andre delar til ulike båtar. Me tek også på oss kopibygging og rekonstruksjon av andre tradisjonelle småbåtar i tre. Dessutan utfører me oppmåling, tilstandsvurdering og restaurering av eldre båtar. I dei seinare åra har dette utgjort kring halve oppdragsmengda.

Peter Helland Hansen er leiar på verkstaden og har mesteparten av tida ein lærling ved verkstaden. Sidan småbåtverkstaden vart etablert som eiga avdeling i 1987 har me bygd 100 nye båtar. Det har vore om lag 20 lærlingar i båtbyggjarfaget ved småbåtverkstaden.

Filer

Flere bilder

  • barn i rongi
  • Mons ror livbåt
  • Den draumen me ber på ...Per og Liv ror.
  • Sett forfra
  • I bukta ved slippen til fartøyvernsenteret
  • Baugen av sognefæring
Baug i farta

Prislister

Trykk på teksten/linken under så får du fram pdf med prislister.

Fra sida

Testing av Sognebåt

Ein vakker vinterdag vart båten testa på Hardangerfjorden. Båten skal sjøsettjast våren 2012.

Under finn du nokre bilder frå testroinga, som var herlig.

Kate med planker som skal bli båt

Yale universitet studerer småbåtverkstaden

Kate Mc Millan har fått et prestisjestipend (USA) til å følge småbåtverkstedet i et år.