Segling 2017

Berre få plassar att! I 2017 skal Mathilde vise medseglarane heimtraktene, Hardanger og resten av Hordaland. Det vert båtførarprøve-tokt, jentetokt og ei veke med kystsafaritokt. To grupper har leigd båten til eigne tokt. Vi har to veker ledig på slutten av sommaren om de er ei gruppe med vener eller familie, som vil på tur med eit historisk seglfartøy.

Ta kontakt med fartoyvern@hvm.museum.no om du lurer på noko, eller ynskjer å melde deg på enten tokt eller nyhetsbrev. Vi gler oss til å ha deg om bord!

Det er alltid vanskeleg å skrive om tokta. Vi kan skrive om alle vakre uthamnene som den vakre kysten vår er kjent for. Vi kan skrive om sol, sommar og bading. Vi kan skrive om seglegleda når segla står fint og solgangsbrisen får fart på skuta. Vind og vær kan gjera ei hamn ikkje er god nok, og da er det så dumt å ha skreve om det på førehand. Det kan regna og det kan vera vindstille. Vi segler eigentlig ut i eit eventyr som vert til etter vær og vind.

Kvelden før toktet startar er alt som det pleiar å vera og skiparen drar seg i skjegget for å finne korleis lage det beste toktet med dei rådande værforholda!

Det vi veit er at me får om bord en flott gjeng med folk. For det er gode folk som melder seg på tokt med Mathilde. Alle legg breisida til for at vi skal ha det fint i lag. Du bidreg med ditt, om det er høgt i riggen, med å dra i tau på dekk eller skape stemning med gode historiar. Mathilde vil igjen ha noen folk i riggen og noen som sitter på skipskistene og løyser verdsproblem. Noen som berre sansar at vinden stryk forbi , lyden frå sjøen som treff skutesida og lukten frå byssa. Andre er meir fysiske eller meir sosiale. Det er rom for alle om bord på Mathilde. Alle kan segle Mathilde!

Tokta er også reiser i historia til Mathilde og reiser i historia til kysten vi seglar. Det vert møter mellom folk og møter med stader. Det er utfordringar den einskilde finn i livet om bord, om det er på dekk eller i riggen eller med å leve tett på andre, heile tida.

Vi legg vekt på strandhogg i koselege hamner som det finst mange av langs kysten vår. Vi prøver også å få tid til å strekka på beina i løpet av toktet. Om kvelden er det fritt  fram for å låna robåten. Då kan ein fiska, settja garn eller berre ro ein tur. Det legg seg ein ro over båten når kvelden kjem.

I 2012 segla vi Sørlandskysten. NRK laga ein dokumentar frå tokt med Mathilde. "Sørlandsseilas med Mathilde".  Den gjeve eit ganske sannferdig bilete av livet om bord og frå tokt med Mathilde.

Tokta startar måndag kl 10 og sluttar ca kl 16 på fredag. Prisen for tokta inkluderar full kost og losji i fem dagar.

Båtførarprøventokt veke 26 frå Norheimsund til Bergen - få plassar att

Vi starter sesongen med båtførarprøventokt. Her får du både undervisning og tokt for 4500,-. Vi meiner dette er ei viktig satsing mest mynta mot ungdom. Det er grunnen til den sterkt subsidierte prisen. Du må kjøpe pensumboka eller låne ho på bibliotektet. Eksamensavgift kjem i tillegg.  Du må vera 14 år for å ta eksamen og sertifikatet får du etter at du har fyllt 16 år.

Påmelding: https://docs.google.com/forms/d/e/1FAIpQLSdx8s-m5znDseJPYSL_q1q6sPJbvo6bLioyrHcbWIGJbGe-iQ/viewform?c=0&w=1

Kystsafaritokt Veke 27 frå Bergen til Norheimsund. Nesten fullbooket
Denne veke er det godt tradisjonsrikt Mathildetokt som er ope for alle deltakarar, uansett kjønn og alder. Vi har erfaring i at besteforeldre som tek med borneborn har ein kjekk oppleving på kystsafaritokta.

Påmelding: https://docs.google.com/forms/d/e/1FAIpQLSfU0vf03QjqzQDnTBfww4Q0Yx54r_YHOwpYyxFVJt8brUJFWg/viewform?c=0&w=1

Jentetokt veke 28 frå Norheimsund til Bergen Fullbooket
Dette toktet er berre for damer. Her er det slappe magemuskler, trøtte lattermuskler og mykje liv og røre og ablegøyer. Vi lover torader og allsang.

Påmelding: https://docs.google.com/forms/d/e/1FAIpQLSePWGpTWcP64-EUimYt-B1U_mA4Mstxp2b064jf_vmOY2UcDQ/viewform?c=0&w=1

Kystsafaritokt Veke 29 frå Bergen til Norheimsund.  Denne veke er det godt tradisjonsrikt Mathildetokt som er ope for alle deltakarar, uansett kjønn og alder. Vi har erfaring i at besteforeldre som tek med borneborn har ein kjekk oppleving på kystsafaritokta.

Påmelding: https://docs.google.com/forms/d/1JPTDUrcLQQHrPxV8HpxwjU0Y2DETm9S3RjurmjEb4d4

Har du tips eller noko du lurer på håper vi du tek kontakt. Ring gjerne 47 47 98 39 eller bruk fartoyvern@hvm.museum.no  om du treng å vite meir, eller ynskjer å melde deg på nyhetsbrev om Mathilde..

Vi tek atterhald om endringar i seglingsplanen.

Velkomen om bord. Hugs at dei fleste som fyrst har komt seg med på eit tokt kjem att! Det er avhengigheitsskapande!

 

Flere bilder

  • Opp etter berget på Udvår
  • Kveldsmaten vert servert til kortspel på byssetaket
  • Astrid og Bente styrer og smiler
  • Ungane som segla familietoktet sommaren 2011
  • Stemning på dekk
  • Vi kaster loss skværseilet.
  • Segle i trange farvann, det liker vi.