Kvar vår og kvar haust seglar Mathilde leirskule. Me startar
etter påske og held på til skulen tar sommarferie. På hauste er det
frå skulane starter opp att og ut september.
Me har nokre trofaste kundar og tilbakemeldingane er særs gode,
men vi har altså nokre ledige veker. Det er berre å melde si
interesse.
Her kjem litt så du får eit inntrykk av kva ei veke om bord på
Mathilde er:
Mannskapet Sidan Mathilde er ein seglande
leirskule der tryggleiken står i høgsetet, er me godt bemanna i
forhold til andre leirskular. Vi er fem i mannskapet som sørger for
at du på ein trygg og sikker måte lærer om livet på ei
Hardangerjakt. Det er skippar, bestmann, kokk, leirskulelærar og
jungmann.
Vekesprogrammet Ver og vind styrer mykje av
korleis me legg opp veka. Difor er inga veke lik den andre om
bord.
Ingen klarer seg åleine til sjøs, felleskapet er viktig. Når me
sørgjer for at sikkerheita ligg trygt i botn, kan me leika og ha
det kjekt med alt det andre!
Sjømannskap Når skuta er i fart går elevane
sjøvakter under kunnig leiing av mannskapet. Dei står utkikk,
styrer og går sikkerhetsvakter. Det er stort å kjenne at no, no er
eg med på å styre skuta.
Tauarbeid Knop og spleis. Det er viktig å læra
seg knop og stikk slik at ein kan handtera tau og fortøya ein båt
på ein trygg måte. Kvar dag er ein ny knop landgangsprøve. Det er
motiverande for læringa. Dei som ynskjer det får halde på med
handarbeid i tau på fritida.
Segling og manøvrering Me lærer om og får prøve
dei ulike segla. Aerodynamikk er spanande. Elevane får prøva ut
teorien dei har lært på morgonen i praksis når me går ut og seglar.
Det vert setjing av segl, å snu skuta mot og medvinds og oppleve
samspelet mellom dei einskilde segla. Me står på dekk og kjenner
kreftene ta tak. Det er herleg!
Navigasjon Me startar med å lese kart, tolka
navigasjonshjelpemidla som lykter og stakar. Me legg kurs for
dagens seilas.
Maritime livet Me går tur i fjæra og ser på ulike
strandsoner. Fangsten vår vert studert og artsbestemt. Det er kjekt
når me får fram oppdagergleda hos elevane i mylderet av liv.
Fiske Me lærer litt om dei ulike fangstmetodane.
Med robåten vår set me garn som me trekker neste morgon. Korleis
sto garnet når me fekk det me fekk (eller ikkje fekk). Me studerer
fangsten, og lærer om å håndtere den slik at det vert god matfisk
for kokken vår.
Historie Ein elev stod med såre og raude nevar
ein regnværsdag etter å ha vore med og heist storseglet og sa:
"Segla dei verkelig dette heile året i snø òg? Det er eg glad for
at eg slepp." Då tenkte skipparen at no har du skjønt noko du ikkje
kunne ha lest deg til i ei bok. Elevane som går i land etter ei
veke på Mathilde tek med seg litt respekt for karane som segla
kysten vår og la grunnlaget for livet langs kysten. Det er god
ballast for vegen vidare å skjøna at det finst andre verder me
ikkje heilt fattar utan å ha kjent litt på dei.
Dei fleste leirskuleturane med Mathilde tek fem dager og starter
på fartøyvernsenteret i Norheimsund, men me har og kortare
turar. Kvar føremiddag kastar me loss, og legg ut på ei
ny oppdagingsferd. Om kvelden legg me til i ei ny
hamn som er med og forteljar ei spanande del av kystsoga
vår.
Då håper me at me
kan ynskje dykk velkommen ombord til ei kjekk, annleis og lærerik
leirskuleveke. Ring oss på 9525 6118, så skal vi fortelje meir om
korleis det er og kva for veker vi har ledig framover.
Brosjyre
Orienteringshefte