Segljakta Mathilde

Sidan S/J Mathilde vart ferdig restaurert i 1989, har ho segla mange tokt langs kysten kvart år. Mathilde er i drift heile året med oppdrag fordelt på sommartokt, leirskuletokt og museumstokt.

Ynskjer du informasjon om Mathilde? Send oss ein e-post på fartoyvern@hvm.museum.no eller ta kontakt på tlf: 41 26 06 97

Sommartokta
Familietokt, jentetokt, opne tokt, kystsafari, ungdomstokt, båtførarprøvetokt. Kjært barn har mange namn, og alle kan finna eit tokt som passar. Nokre tokt er bestilt av grupper. Me har i fleire år hatt tokt i samarbeid med m.a. Den Norske Turistforening og Redningsselskapet. 

Leirskuletokt
I tolv veker vår og haust seglar Mathilde med skuleklassar. Her får ungane oppleva kystkulturen på kroppen. " Å segla leirskule med Mathilde gjer noko med deg og med klassen" er eit av mantraa våre. Ein klasse kjem om bord og skal leva saman frå måndag til fredag, nokre vel kortare turar. Skular heilt frå Alvdal, Oslo og Gudbrandsdalen kjem igjen og igjen for å segla med Mathilde. Les mer om leirskulen.

Leirskulebrosjyren

Museumstokta
Fire veker tidleg på våren og fire veker seint på hausten seglar Mathilde museumstokt. Hordaland fylkeskommune har i alle år lagt inn ei botnfinansiering som gjer det mogleg for oss å ha eit slikt unikt kulturtilbod.

Me samarbeidar med kulturaktørar om museumstokta. Nokre tokt er retta mot skuleelevar, andre tilbyr opne kulturarrangement. Fylkesmusikarane i Hordaland har hatt fleire ulike program om bord. Andre museum og kulturarrangørar er viktige samarbeidspartnarar for å få til eit variert og godt kulturtilbod. Det hender me går utanfor fylket vårt og då samarbeider me sjølvsagt med lokale krefter dit me kjem.

Filer

Flere bilder

  • Mathilde seilsettting ved kai
  • seilheis
  • mannskapsbilde