Norsk English

Trebåtfestival nr. 20

Norheimsund

15.06.2018 18.00 til 17.06.2018 17.00

Hardanger Trebåtfestival blir arrangert for 20. gong i år!
Det er berre å gle seg til ein herleg jubileumsfestival med folkeliv, trebåtar, handverk og kystkultur. 

Med fartøyvernsenter, god hamn og vakre omgjevnadar er Norheimsund ein naturleg arena for vestlandet sin trebåtfest. Her skaper me ein fagleg og sosial møteplass for trebåtfolk og landkrabbar. For dei som enno ikkje er trebåtfrelst byr festivalen på underhaldning, gode opplevingar og ny kunnskap. Me frir ekstra til dei små med kjekke barneaktivitetar, sjørøvartokt og leikebåtverkstad.


Kaiområdet i sentrum er gjort om til ein triveleg festivalarena med trebåtar ved kai og marknad på land. Her finn du handverksprodukt, maritime artiklar, antikvitetar, aktivitetar og god mat. I tillegg blir det stilt ut skinande veteranbilar og gamle oljeglinsande motorar. Alt dette fint krydra med underhaldning og musikk frå festivalscena.


Hardanger fartøyvernsenter er del av festivalen som inngår i festivalbilletten. Her finn du gamle båtar og fartøy, du kan oppleva levande handverk som skipstømring, båtbygging, smiing og reipslaging. Senteret har utstillingar og filmar med kulturhistoriske tema og i den trivelege kafeen kan du nyte heimebakst og god drikke.

 

PROGRAM