Norsk English

«Human Roots» ved Hardanger fartøyvernsenter 2. - 12. mai

Kunst av tau skal binda saman Palestina og Hardanger.

Frå 2. - 12. mai er Hardanger fartøyvernsenter åstaden for ein stor kunst- og kulturworkshop i regi av prosjektet Human Roots. Det er vidareføring av eit samarbeid mellom palestinske og norske kunstarar.

Human Roots official web site

Ein workshop der reipslagarteknikken vert brukt for å laga kunstinstallasjonar av brukte tau, nøter og fiskegarn. 

Hardanger fartøyvernsenter i Norheimsund, som er ei avdelinga av Hardanger og Voss museum, er arena for ein stor kunst- og kulturworkshop i regi av prosjektet Human Roots. Det er eit samarbeid mellom  20 palestinske og norske kunstarar og fylgjer opp ein liknande workshop som var i Palestina i 2011.

Human Roots brukar gamle handverksteknikkar, og av brukt materiale som tau, fiskegarn og nøter skal det lagast nye kunstinstallasjonar. Reipslagarteknikken er sentral og det er difor arbeidsfellesskapet vert på Hardanger fartøyvernsenter. Reipslagar Ingunn Undrum er instruktør i faget sitt og me ser fram til å visa korleis eit tradisjonelt handverk kan brukast på nye måtar. Workshopen munnar ut ei utstilling som vert ståande frå 12. mai og ut sommarsesongen.

 For å få vita meir, ta kontakt med Human Roots v/ Elisabeth T. Medbøe telf 48120747 i Oslo eller Marie Skeie 94276651 i Bergen, ved Hardanger fartøyvernsenter: formidlingsleiar Oddvar Soldal, 47479841, frå 28. april, reipslagar Ingunn Undrum 47479844 eller leiar ved museumsavdelinga, Heidi Richardson, 41260697.

Treng de illustrasjonar til ein førehandsomtale, ta kontakt med  Marie Skeie. 

Me reknar med at det kan verta mange spennande innfallsvinklar til reportasjar frå denne store, kreative samlinga av kjende kunstnarar. For at de kan sjå kva tid det høver å koma har me sett opp ein timeplan for spesielle hendingar. Elles er kunstnarane i arbeid ved Hardanger fartøyvernsenter kvar dag.

Torsdag 2. mai: Arbeidet startar

Måndag 6. mai kl 19 i Kunstnarhuset Messen i Ålvik: Artist talks. Kunstnarane presenterer arbeid. Samtalar om prosjektet Human Roots.

Tysdag 7. mai kl 18 - 21 i Stiftelsen 3,14 i Bergen: Presentasjon av palestinsk samtidskunst. Artist talks. Diskusjon om kunsten sin rolle under ulike samfunnstilhøve. Heile dagen vert brukt i Bergen.

Onsdag 8. mai På Hardanger fartøyvernsenter: Besøk frå vidaregåande skular i Kvam. Om ettermiddagen ope arrangemet kl 18 - 20: Kystkultur som utgangspunkt for kunstprosjekt. Om palestinske forhold i dag. Ta del i diskusjon om Human Roots prosjektet.

Sundag 12. mai kl 13 Opning av utstillinga Human Roots. Kulturelle innslag frå Palestina og Hardanger.

Litt meir om «Human Roots»

I gruppa Human Roots møtest 20 kunstnarar, åtte frå Palestina og 12 frå Noreg. Dei er: Nabil Anani, Tayseer Barakat, Ahlam al-Faqih, Dina Ghazzi, Suleiman Mansour, Samir Salameh, Khairaldin Kasem, Basel Al Maqousi, Aud Bækkelund, Judith E. de Haan, Elisabeth T. Medbøe, Johan Mæhlum, Marie Skeie, Ragnhild Steig Svenningsen, Anne Kristine Thorsby, Åse Berit Skeie Ulltang, Alfred Vaagsvold, Joon Vaagsvold, Lene E. Westeras, Kathe Øien.

Den norske gruppa vart i si tid sett saman etter utlysing i fagbladet Billedkunst. For å vera med i gruppa må ein vera medlem i NBK  eller NK. Dei palestinske deltakarane er kjende, sentrale kunstnarar som er aktive i PACA (Palestinian Association of Contemporary Art) 

Kunstnarane Elisabeth T. Medbøe og Marie Skeie er organisatorar og drivkraft bak tiltaket. Marie Skeie er med i den regionale kunstnarorganisasjonen Hardingpuls og har samarbeidd med Hardanger fartøyvernsenter ved fleire høve om å bruka reipslagarhandverket i kunstnarlege uttrykk.

Human Roots arbeidde også saman hausten 2011 med å produsera ei mosaikkutsmykking til gamlebyen i Bir Zeit i Palestina. Då arbeidde dei mellom anna med gammalt og nytt vyrke av oliventre. 

  • Forståinga og fortolkinga av om omgrepet Human Roots er avhengig av livserfaring, samfunn og oppfattinga av historie. Med palestinske og norske kunstnarar som arbeider og stiller ut saman, vil omgrepet om menneskelege røter verta teke opp frå ein ekstensiell ståstad. Kunstnarane representerer eit mangfald av kulturelle og religiøse erfaringar: muslimske, kristne og sekulære. Prosjektet utviklar seg gjennom ein kontinuerleg dialog, skriv Elisabeth T. Medbøe som leier prosjektet Human Roots.

I workshopen skal alle arbeida saman heilt frå starten med å laga eit heilskapleg uttrykk. I dialog mellom deltakarane vil utrykk og form utvikla seg i samspel med temaet Human Roots. Ved å arbeida med brukte materialar som tau, fiskegarn og nøter er det mogeleg å skapa saman, finna uttrykk for temaet og få fagleg utfordring med å kombinera og vera nyskapande.

I prosjektet er det eit mål å bruka eit gammalt handverk, reipslagarfaget, i kunstnerisk utrykk. Tauverk gir mange assosiasjonar med ulike flette- og knuteteknikkar. Ved å bruka gamle og nye materialar frå Palestina og Noreg vil meiningsinnhaldet i strukturen verta forsterka. 

Human Roots samarbeider med kunstnarorganisasjonen Hardingpuls. Dei tilreisande kunstnarane skal bu i Kunstarhuset Messen i Ålvik og privat. Det vert også opne kulturarrangement som vil presentera ideane bak Human Roots og ta opp kunst- og kulturarbeidarar sine vilkår i Palestina og Noreg.

 

Filer

Flere bilder

  • Stoff med påtrykkt budskap klart til å verta klippt opp til strimler. Maria Skeie
  • Stoffstrimler klare til å verta slått sammen til tau. Maria Skeie
  • Work shop in Palestine
  • On a thight rope. Maria Skeie
  • I begynnelsen var repet. Maria Skeie