Norsk English

M/B Stangfjord under arbeid igjen

M/B Stangfjord vert sett i stand ved Hardanger fartøyvernsenter. Arbeidet er i gang igjen etter eit opphald sidan før jul.

Skroget er snart huda ferdig. Det som står igjen er kjølplankane og to ekstra lange plankar lenger opp i skroget. Dekksbjelkane med bjelkevegar, reviseer og kne er ferdig, i tillegg til livholt. Dårlege spant er bytta ut, stamn og stilk er fornya.

Etter at arbeidet starta opp 31. mai er det satt i ny kjøl. Det er òg sett i nytt lot (kri). I tillegg har vi sett i fire nye botnstokkar for å betre samanbindingen mellom kjøl og hud akter i skroget.

Alt er bolta saman med 16 mm galvaniserte boltar med klinka hovud på innsida og mutterar på utsida.

Den gamle kjølen var sterk medteken av slitasje og til dels var den markspist (pælemark). Derfor såg vi det som viktig å skifte denne. Det viste seg at kjølen var litt spesiell sidan han ikkje var bein i overkanten, men steig med 7 cm i den framste delen.

Flere bilder