Kokekyndig

Hardanger og Voss museum avd. Hardanger fartøyvernsenter søkjer kokk på hardangerjakta Mathilde.

Mathilde er ei vel 120 år gammal jakt på 73 fot. Etter å ha blitt restaurert/ tilbakeført til seglande fartøy har ho no vore i drift sidan 1989. Me har eit fast mannskap på fire personar, (skipper, bestmann, kokk og matros/ leirskulelærar). Seglingssesongen strekk seg frå mars og ut oktober. Sesongen er fordelt på  8 veker kulturtokt i samarbeid med ulike kulturinstitusjonar i fylket, 8-12 veker leirskule og 4-6 veker sommartokt med betalande medseglarar.

Me søkjer ein kokekyndig person, som kan lage kvardagsmat til leirskuleelevar og andre medseglarar. Den som får stillinga vil ha ansvar for planlegging, innkjøp og matlaging ombord. Mange av våre medseglarar er born. Det er derfor viktig at du snakker norsk og lett kan kommunisera med og trivast i lag med born.     

For stillinga vil det bli lagt stor vekt på personlege eigenskaper og evne til samarbeid. Kvinner vert oppmoda om å søkja.

Stillinga er fast, og knytt til Mathilde sin seglingssesong i perioden mars t.o.m. oktober. Løn etter avtale.

Skriftleg søknad med CV og relevante vitnemål/ attestar kan sendast til Hardanger Fartøyvernsenter, postboks 53, 5601 Norheimsund, innan 30. januar.

Spørsmål i høve stillinga kan rettast til avdelingsleiar Heidi Richardson tlf 41 26 0697 For info sjå www.fartoyvern.no