Bestmann på S/J Mathilde

Hardanger fartøyvernsenter lyser med dette ut 100% stilling som bestmann på hardangerjakta Mathilde.

Hardanger og Voss museum er eit konsolidert museum beståande av institusjonane Hardanger fartøyvernsenter, Agatunet, Hardanger folkemuseum, Kvam bygdemuseum, Ingebrigt Vik museum, Granvin bygdemuseum, Voss folkemuseum og Kunsthuset Kabuso.

Hardanger fartøyvernsenter (HFS) er ei allsidig verksemd som driv med restaurering av verneverdige fartøy, museum, vern og vidareføring av gamle handverk, fagopplæring, maritim leirskule og reiseliv. HFS er eitt av tre nasjonale fartøyvernsenter. HFS eig og driv hardangerjakta Mathilde. Senteret er lokalisert i Norheimsund og har omkring 40 medarbeidarar.

Mathilde er ei 120 år gammal hardangerjakt på 73 fot. Etter å ha blitt tilbakeført som seglfartøy har ho sidan 1989 vore i drift 8-9 månadar i året. Mathilde har eit fast tilsett mannskap på fire personar (skipper, bestmann, kokk og leirskulelærar).

Seglsesongen har eit fast mønster med om lag 8 veker kulturtokt, 8-10 veker leirskule og 3-5 veker opne sommartokt. Bestmannen er sentral i tilrettelegging og gjennomføring av alle desse tokta.

Bestmannen er nestkommanderande på S/J Mathilde. Den som innehar stillinga har eit spesielt ansvar knytt til å ta vare på og vidareføre kunnskap knytt til segling, drift og sjømannskap på tradisjonelle fartøy.

Me søkjer etter ein person med fagkunnskap og interesse for drift av seglfartøy innafor ei kulturhistorisk ramme. Bestmannen vil ha eit særleg ansvar knytt til vedlikehald av rigg og segl.

Det er også viktig å ha evne og lyst til å arbeid med formidling av maritim kunnskap til alle aldersgrupper.

Det er ei føremon om ein har noko erfaring med informasjonsarbeid og formidling. Noko administrative oppgåver knytt til ivaretaking og drift av Mathilde må ein rekna med.

Det vil elles bli lagt stor vekt på personlege eigenskapar og evne til samarbeid.

Arbeidsspråket om bord i Mathilde er norsk.

Stillinga er fast i 100%. Løn etter avtale.

Skriftleg søknad med CV og relevante vitnemål/attestar kan
sendast til personal@hardanger.museum.no el.
Hardanger fartøyvernsenter, PB 53, 5601 Norheimsund, innan 24.10. 2018.